Tanken min rundt dette kjem sikkert ikkje som noko bombe på nokon av dykk...hehe.
For dei som bare vil vite kva eg meiner i forhold til start-tråden: hopp over byrjinga og heilt ned til slutten.
BYRJINGA
Menneske har utvikla seg gjennom mange år, forskarane er ikkje sikre på kor lenge, men dei antar at mennesket i byringa hadde instinkt til å overleve og reprodusere seg sjølv(føre genene vidare). Dette felle vel bare i god jord hjå dei som kan godta at mennesket ikkje var noko anna enn eit dyr i byringa(fra apemenneske til menneske, skjønt sjøl i dag er denne utviklinga mulig å sjå att som litt flytande(mykje pga ein kommentar eg overhørte i oslo om nokre bønder som hadde kara seg inn til eit av tettstadens utesteder) hmm...lyt presisere at eg ikkje er fra ein by i så måte og er klar over at dette kan slå tilbake på meg sjøl), men ikkje nødvendigvis er enig i at vi forsatt er dyr.
Forskarane trur og at det har teke tid før vi utvikla følelser som omsorg, humor, samvittighet, kjærlighet og egoisme(noko eg finn rimelig i og med at vi stadig utvikler oss og alt rundt oss).
Personligheten er ein del av vår arv(fra far og mor, dvs DNA), den påvirkning miljøet vi veks opp i og lever vidare i påfører oss, det vi ete( får i oss av vått og tørt).
DNA øverfører både negative og positive trekk frå våre foreldre som er med på å forme vår utvikling(på denne måten føler eg at vi får noko fra tidlegare liv(DNA mange slektsledd bakover), men ikkje eit liv vi som person har levd eller som ein del av oss har levd("sjel"), vi har bare fått byggesteinane til vår personlighet) og gjere oss til dei personane vi er.
Miljøet former oss og vil forsette å forme oss til vi dør. Ei påvirkning som kan være veldig sterk eller ha lite å seie for vår personlighet alt etter kva vi opplever.
Mat/drikke er i dag meir tilsatt syntetiske stoff som virker negativt inn på vår personlighet og dens utvikling enn for nokre tiår sia. Den maten vi ete fra naturen, som er naturlig, og at vi blander saman forskjellig naturlig mat er viktig for at vi skal få i oss det vi treng som virker positivt inn på vår personlighet.
Den andre delen av oss er underbevisstheten, denne er og ein del av vår arv(DNA), men denne er ikkje godt nok bygd fordi tidligare DNA(mange slektsledd bakover) har lete være å sjå på denne som viktig(arv og miljø, at vi har utvikla oss vekk fra naturen). Nokre har fått overført(fra slektsledd) litt fleire av byggesteinane for underbevisstheten, og har betre/tydligare evner. Det syner seg ofte ved at fleire slektsledd bakover hadde betre/tydligare evner. Alikevel føler eg, og trur eg, at alle har fått nok byggesteinar(ligg der latent) til å utvikle vår underbevissthet til noko meir enn ein nedtona del av oss som menneske. Korleis denne bygginga av underbevissthet og utviklinga av evner bør føregå er eg ikkje sikker på, men eg bruker ein åndelig tilnærming(prøver å komme i kontakt med underbevisstheten min samtidig som eg tilbringe tid i naturen for å føle naturens ro bli ein del av meg).
Personlighet og underbevissthet er 2 deler av oss som vi kan velge kor mykje vi vil bruke eller vekte. Begrensningen er at vi er arvemessig(DNA) underlagt korleis dette er vekta fra byringa av livet vårt. Og i dei fleste tilfelle vert ikkje vi som barn oppmoa til å utforske eller ta i bruk vår underbevissthet. Dernest er det vel ingen som sikkert veit korleis vi skal trene opp underbevisstheten slik at vi verkeleg kan gjere oss nytte av den.
JUNE skrev:jeg bare lurer på hva som får folk til å tro at vi har flere liv? at kroppen vår bare er en vert som sjelen flyr ut og inn av... hva skjer med sjelen til slutt? eller er det ingen slutt? og hvis det ikke er noen slutt, hva er vitsen med alt sammen da???
er i det filosofiske hjørnet i dag...
Svara på desse spørsmåla er samansatte, men kort fortalt kjem det av ein tomhetsfølelse(livet mangler eit viktig innhold) mange har opplevd som driv dei til å søke mot noko som kan gje meining med livet. Når det kjem til dette med sjela får andre svare som føler dei har svar på det. Eg skjønner at underbevisstheten kan minne om det mange kaller sjel, men for meg eksisterer bare underbevisstheten og den høre til meg som person og vil dø med meg. Det er med andre ord ein slutt slik eg ser det, idet mennesket dør. Meininga med livet, var å overleve og føre genene vidare(instinkt) men har forandra seg til at vi forpakter naturen og prøve å leve saman med den og ta vare på den for våre etterkommarar. Dvs slik vi forpakter naturen nå, vil det få konsekvenser for alt liv på jorda. Eg søker ei forandring på denne utviklinga, kanskje fordi eg er byrja å få ei større innsikt i meg sjøl og at eg er ein del av naturen. Gjennom åndelig utvikling finner vi og tilbake til noko av det som, er blitt borte/nokon fornekter/delvis er til stede, mange ikkje lenger skjønar kva er for noko; våre evner ut over våre fem sanser.
Sjelevenn er noko eg har undra meg over lenge, til eg møtte min sjelevenn. Det var vel rundt det tidspunktet eg innsåg at det var feil ord(sjelevenn) og brukt kynisk for at folk ikkje skal slutte å tru på at vi har ei sjel. Det eg fann ut var at min sjelevenn er eit menneske eg er på bølgelengde med, vi tenker mykje likt, føler mykje likt, har mange like slutninger og er på ein måte ikkje langt fra kvarandre liksom. Det er noko spesiellt, som om vi har blitt drege mot kvarandre utan sjøl å skjønne kvifor. Samtidig lever vi kvar våre liv, alltid avgrensa av det skillet som må være der for at vi skal få behalde det som er vårt spesielle vennskap. Eg har ikkje funne eit godt ord i staden for sjelevenn. Om nokon har eit betre ord på dette er det bare å sende pm. Tek imot forslag med stor takk.
SLUTTEN
Sikkert mange som er lei av å lese så lang innleiing, men ser at det kan være nyttig for at dåkke ska forstå litt betre kvifor eg har denne meininga:
Person og sjel vert for meg personlighet og underbevissthet. Dette fordi noko av det nokre skriv/meiner om sjel, minner om noko av det eg ser på som underbevissthet. For meg er personlighet og underbevisshet kvar sine like viktige deler av ein person og desse kan ikkje skiljast når døden inntreff. Når vi dør dør desse det og. Så slik eg forstår livet, mennesket og naturen er det ikkje noko skille i det hele tatt.
Dette er min personlige meining og det er ikkje min tanke å tråkke på nokon av dåkke som ser annleis på dette. Eg har stor glede av å sjå at mange av dåkke har egne syn på det meste her inne, fordi det er noko av det som fører utviklinga av mennesket vidare og at vi ein dag kanskje får svar, eller litt betre svar på mykje av det vi undrast over og tør å prate om her inne.
For dei som vil vite kvifor eg meiner dette, hopp oppatt til byjringa.