Paranormal.no : Vi minner om reglene vi har her for slike saker:Menn på spøkelsesjakt vart tekne på fersken
Mennene som luska rundt huset på Mo i Førde seint søndag kveld hevda dyrt og heilagt at dei var på jakt etter spøkelser. Til slutt «trudde» både huseigar og politiet på dei.
Av Anna Gytri Journalist Publisert 10/4-2017 , kl. 07:29
I mulm og mørke sneik tre unge menn seg rundt husveggane på eit bustadhus på Mo, like utanfor Førde. Klokka nærma seg 23 på søndagskvelden, og huseigaren som oppdaga dei kunne ikkje forstå kva nokon hadde der å gjere.
– Huseigaren tok dei på fersken og lurte på kva dei styra med. Då kom dei med forklaringa om at dei var på spøkelsesjakt. Den oppfatta huseigar som noko spesiell, seier operasjonsleiar Kai Henning Myklebust.
Huseigaren oppfatta forklaringa som så spesiell at han tok kontakt med politiet, og heldt på dei tre mennene til ei patrulje var på plass.Follow
PolitietSognFjordane @politietsognfj
22:50 (søn) Mo, Førde. Tre menn i tjueåra "anholdt" av ein huseigar. Forklarte at dei var på spøkelsesjakt på eigendomen hans. Pol rykka ut.
1:50 AM - 10 Apr 2017
4 4 Retweets 6 6 likes
– Vi hadde ei patrulje som var ledig, og sende den opp. Dei fekk den same forklaringa, seier operasjonsleiaren.
Politiet sjekka dei tre mennene i 20-åra i alle sine register, og klarte ikkje å finne noko som tyda på at dei tre var ute med uærlege hensikter. Heller ikkje i bilen deira fann politiet noko som gav grunn til å mistenke dei for noko kriminelt.
Forklaringa om at dei var jakt etter spøkelser var slik sett truverdig, seier operasjonsleiaren, sjølv om både huseigar og politiet rynka både to og tre gonger på nasen.
– Dei tre beklaga for opptrinnet og forstod at det verka litt mistenkeleg for huseigar. No gjekk Åndenes makt på TV i går kveld, så det kan hende dei var inspirert av det, humrar Myklebust.
Om dei tre mennene faktisk såg spøkelser er ukjent.
10 Apr
PolitietSognFjordane @politietsognfj
22:50 (søn) Mo, Førde. Tre menn i tjueåra "anholdt" av ein huseigar. Forklarte at dei var på spøkelsesjakt på eigendomen hans. Pol rykka ut.Publisert i går, kl. 07:29Follow
PolitietSognFjordane @politietsognfj
Folk og bil sjekka av patrulje. Dog om forklaringa var noget uortodoks, framstod dei truverdig. Intet mistenkeleg ved ungdommane. Dimmitert.
4:16 AM - 10 Apr 2017
4 4 Retweets 1 1 like
MEN: Dersom slike saker allerede ligger ute på offentlige media som aviser, tv-websider osv,https://paran.no/forum/phpbb3/app.php/rules skrev:*Du har ikke lov til å legge ut informasjon om privatpersoner, hus, eller bilder fra steder hvor du ikke har lovlig adgang.
Paranormal anbefaler STERKT at man ikke går inn på steder hvor man i følge norsk lov IKKE har lovlig tilgang.
Selv om et hus / bygning er "forlatt", er det likevel en eller flere eiere av stedet.
Dette gjør at om man tar seg inn i et slikt hus / bygning, så er det pr lovdefinisjon innbrudd.
Har man derimot tillatelse fra eier om å besøke stedet, og fotografere, må slik tillatelse forevises Admin før man får lov å publisere bilder på Paranormal.
kan slikt legges ut dersom det linkes til artikkelen som er kilde.