KommersieltPolitiet aksjonerte mot Natur og Ungdom

Kommersielle betalte innlegg.

Moderatorer: Asbjørn, mod hjem

Bruker avatar
admin
Verifisert
Nettstedsansvarlig
Nettstedsansvarlig
Innlegg: 52
Startet: 04 Des 2002 11:31
21
Kjønn (valgfri): vi'kke si så !
Blitt takket: 23 ganger

Politiet aksjonerte mot Natur og Ungdom

Innlegg av admin »

Politiet aksjonerte mot Natur og Ungdom
Image
Politiet har teke hand om 14 aktivistar som freista å stogge prøveboringa i Engebøfjellet ved Førdefjorden.
http://siljelundberg.tumblr.com/post/13 ... -og-folket


Bilde
Då Ingrid Skjoldvær tok over som leiar i Natur og ungdom tidlegare i år lova ho å kjempe mot gruvedumping. Her vert ho bore bort av politiet. Foto: NU

Nordic Mining har fått løyve til å grave fram mineralet rutil frå Engebøfjellet i Naustdal kommune i Sogn og Fjordane.


LES OGSÅ:Regjeringa seier ja til sjødeponi i Førdefjorden

Klaga til Kongen
Noreg har fått mykje kritikk for å opna for at selskapet får dumpe gruveavfallet Førdefjorden, utanfor bygda Vevring.
Planane er klaga inn til EFTAs overvakingsorgan ESA og til Kongen i statsråd.
Sjølv om klagene enno ikkje er behandla, har selskapet har fått løyve til å sette i gang med prøveboringar frå tysdag, ifølgje Natur og Ungdom.
Aksjonistane frå ungdomsorganisasjonen til Naturvernforbundet hadde i dag tidleg sett opp traktordekk, nokre trebukkar og ein lavvoo, slik at anleggstrafikken ikkje kom fram.
LES OGSÅ: Natur og Ungdom blokkerer vegen ved planlagt gruveanlegg

Fysiske hindringar
Dette synet møtte dei som i dag freista å ta seg fram til anleggsområdet i Engebøfjellet:

Fleire av aksjonistane var frå området og lokale støttespelarar stilte med bollar og suppe.
Direktør i Nordic Mining Ivar Fossum møtte aktivistane for å få dei til å flytta seg, utan hell.
LES OGSÅ: Ingrid skjoldvær er ny leiar i NU: Lovar kamp mot olje og gruvedumping

«Nordmannen»
Då politiet kom song aksjonistane «Nordmannen» av Ivar Aasen, som ofte vert kalla «Mellom bakkar og berg».
Ifølgje Natur og ungdom sine Twitter-oppdateringar frå aksjonen, fekk aksjonistane 15 minutt på seg til å fjerne seg frivilleg frå området.
17 politifolk og brannvesen skal, ifølgje Natur og Ungdom sitt eige magasin Putsj, ha delteke i aksjonen.

Då dei framleis nekta å fjerne seg greip politiet inn.
Aksjonistane vart skorne laus og borne bort.

Leiaren lovar meir
Litt etter klokka 14.00 var aksjonistane frakta bort av politiet.
Leiar Ingrid Skjoldvær og dei andre aksjonistane vart frakta til Florø politistasjon.
– Me venta at det skulle skje, men me gir oss ikkje med dette. Me vil halde fram med aksjonane framover – så lenge det trengs. Me har aktivistar klare som er villige til å lenka seg òg dei neste dagane og vekene, seier Skjoldvær til Putsj.
LES OGSÅ: Reiselivet i vest kritisk til deponi i Førdefjorden
Les hele saken, og se bilder og video her:
http://framtida.no/articles/politiet-ak ... -og-ungdom

Spre gjerne denne tråden ! Støtt Natur og Ungdom !

Denne saken er sponset av Admin.
Antall ord: 454

Link:
BBcode:
HTML:
Hide post links
Show post links
Bruker avatar
admin
Verifisert
Nettstedsansvarlig
Nettstedsansvarlig
Innlegg: 52
Startet: 04 Des 2002 11:31
21
Kjønn (valgfri): vi'kke si så !
Blitt takket: 23 ganger

Re: Politiet aksjonerte mot Natur og Ungdom

Innlegg av admin »

http://www.nrk.no/sognogfjordane/har-le ... 1.12784656

Har lenka seg fast til anleggsmaskiner
Trass i at aksjonistar frå Natur og Ungdom i går fekk både bøter og ferdselsforbod er dei dagen etter i gang med ny aksjon. Og fleire er i vente.

Image
PROTEST: Vetle Mikkelsen og Lars Bøye Rosseland er blant dei som onsdag har lenka seg fast til maskinene på Engebøfjellet for å stoppe arbeidet til Nordic Mining.
FOTO: NATUR OG UNGDOM/TORKEL LIE


Det likar visepolitimeister i Vest politidistrikt, Ronny Iden, dårleg.

– Eg håpar at vi får ein fornuftig dialog med desse ungdomane som gjer at nok snart er nok. For vi er ikkje interesserte i å setje av ressursane på eit lensmannskontor i veldig lang tid framover. Då må vi justere tiltaka våre.

Men kva det inneber vil han ikkje gå innpå no.

Veit ikkje om dei vil godta bøtene
Natur og Ungdom er på si side vil ikkje gi seg.

– Vi er klare over at det er ein stor ressursbruk for politiet, men vi har prøvd alle lovlege verkemiddel og dette er siste utveg, seier Skjoldvær.

Politiet tok i går alt utstyret til aksjonistane, mellom anna lavvoen dei skulle sove i. Aksjonistane vart fjerna og fekk 10.000 kroner i bot kvar. Dei har framleis ikkje bestemt om dei vil godta bota eller gå til sak.

Over 2000 personar har sagt seg villige til å bryte lova. Aksjonistane som fekk bot i går har fem dagar på seg til å godta den, elles blir det fengsel i 20 dagar. Ferdselstilbodet varer fram til 30. april.

Se flere bilder og video på : http://www.nrk.no/sognogfjordane/har-le ... 1.12784656

Her er bakgrunnen for aksjonene :
Rutil utgjer berre 3-5 %, resten av fjellet vert knust og det er søkt om å få dumpe dette som fleire hundre millionar tonn kjemikalieblanda gruveavfall i Førdefjorden.

Dette tilsvarer 11 tonn pr. minutt, 24 timer i døgnet i 50 år.

Kjemikaliebruk; det er søkt om å sleppe ut kvart år i Førdefjorden m.a: 800 tonn svovelsyre, 720 tonn natriumsilikat, 720 tonn fosforsyre estere, 240 tonn karbinsyre og 15 tonn akrylamid.

HEILE avfallsmassen er mindre enn 0.4 mm! Og halvparten av den totale avfallsmassen er mindre enn 0.1 mm! Herav er 2000 tonn kvart år nanopartiklar som kan ha uante og svært miljøfarlege eigenskapar, som Tio2-nanopartilar som er svært toxiske for sjølevande organismar.

Dette er gigantiske mengder gruveavfall og kjemikaliar, men vi fryktar storstilt oppskalering av prosjektet dersom det vert gjeve løyve, som m.a. i Bøkfjorden.
http://www.nrk.no/sognogfjordane/seier- ... 1.12314556
Se også disse :
http://www.garfors.com/2015/06/eg-flytt ... er-du.html

http://www.fjordaksjonen.org/

Admin
Antall ord: 468

Link:
BBcode:
HTML:
Hide post links
Show post links
Bruker avatar
admin
Verifisert
Nettstedsansvarlig
Nettstedsansvarlig
Innlegg: 52
Startet: 04 Des 2002 11:31
21
Kjønn (valgfri): vi'kke si så !
Blitt takket: 23 ganger

Re: Politiet aksjonerte mot Natur og Ungdom

Innlegg av admin »

"Når politikerne ikke vil høre på miljøargumentene, må noen andre stå opp.
Det er hårreisende at myndighetene har overkjørt hensynet til miljøet og fremtidige generasjoner. "
Det seier Gaute Eiterjord (20), første nestleiar i Natur og Ungdom.

"De unge aksjonistene er alle medlemmer av Natur og Ungdom. De er forberedt på å betale forelegg på 10.000 kroner.
-Det er en liten pris å betale hvis det kan være med å redde en viktig del av den norske naturarven, sier Vetle Mikkelsen (19)."

Ung eller eldre, vil du melde deg som aksjonist, eller støtte aksjonen økonomisk, mat, utstyr, gå inn her: http://nu.no/fjordaksjon

Vil du vere med og spleise på bøter, eller betale for ei heil bot nokon har fått:
Før på giro namn, adresse og merk med; BØTER, send til NU - kto nr 5010.05.87154
Støtte vert fordelt likt på alle bøtelagde aktivistar.
Dei gjer ein viktig innsats på vegne av oss alle!

Se også : http://nu.no/stott/stott-aksjoner-for-f ... 5-110.html
Antall ord: 181

Link:
BBcode:
HTML:
Hide post links
Show post links