For andre gong på berre nokre timar vart deler av Vestlandet skaka av nok eit jordskjelv. Skjelvet som vart registrert like over klokka 12 laurdag var merkbart både i Sogn og Fjordane og Hordaland.
http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn ... /1.8048713
– Eg sat i sofaen og las, og plutseleg så høyrer eg ein slik dur. Så rista heile huset, seier Alvhild Gudvangen i Høyanger.
Ho er blant dei mange vestlendingane som fekk seg ein liten støkk då jorda plutseleg rista like over middagstider laurdag. Dette er andre gong på berre fem timar at Vestlandet blir skaka av eit jordskjelv.
– Eg er heilt skjelven enno, seier ho til NRK.no.
Målt til styrke på 3,3
Jordskjelvekspert, Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen har blitt nedringt for andre gong denne laurdagen. Også like over klokka 07 laurdag morgon vart mange vestlendingar vekt av eit jordskjelv.
Skjelvet som vart registrert like over klokka 12 hadde ein styrke på 3,3. Det er hakket sterkare enn skjelvet som vart registrert utanfor Fedje klokka 07.05, som var på 3,2.
– Vi har førebels lokalisert skjelvet til Voss, men vi vil sjå om vi kan lokalisere det enno nærare ved å sjå nærare på våre data, seier Atakan til NRK.no.
Han har førebels ikkje oversikt over kor langt nord skjelvet var merkbart, men seier dei allereie har fått meldingar frå Hordaland politidistrikt. NRK har snakka med folk både i Høyanger og Førde som også har merka det.
Les mer :
http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn ... /1.8048713