Dagros skrev:Forresten, hva var i så fall før Big Bang? Ingenting, iallfall ikke liv?
Er vanskelig å forske på kva som var før Big Bang, men ein mulighet kan være at universet utvider seg og trekker seg så sammen igjen, i ein uendelig syklus. Mange teorier er lagt fram og kanskje vil vi aldri finne ut av det.
Om ein tenker på universet som ein rund ball der alt i universet er tettpakka inni i denne ballen rett før Big Bang, der all energien har samla seg til bristepunktet for så å eksplodere til di minste bestandeler, la oss seie atom, så vert desse atoma spredd utover for så å samle seg saman i fleire områder(galakser) der nokre av atoma danner solsystem med planeter osv, liv oppstår og dør ut og alle atoma vert samla saman til nok ein ball og nok eit Big Bang osv...
Liv er jo ikkje noko som oppstår brått heller. Det tek milliarder av år før støvpartikler har samla seg saman til ei planet. Og viss planeten har di rette grunnstoffa for å utvikle liv vil det ta fleire millioner år før det utvikler seg organismer. Organismer er den enklaste form for liv, og det vil ta fleire milliarder år før det utvikler seg til intelligent liv, skjønt når man ser korleis vi menneska behandler jorda, kan man virkelig lure på om intelligensnivået er nådd evolusjonsmessig...
Om universet utvider seg og trekker seg saman i ein uendelig syklus, vil mest sannsynlig alt liv opphøre lenge før universet trekker seg saman igjen.
At det skulle eksistere ingenting før Big Bang er ein sjølvmotsigelse, og det universet vi er ein del av treng heller ikkje være det einaste. Det kan for alt vi veit eksistere milliarder av univers utan at vi nokon gang kan finne ut av det, mest fordi vårt univers er så stort at vi enda ikkje er sikker på størrelsen eller omfanget av galakser osv...